Friday, June 10, 2011

Quote of the Week

Bladet Jakt har heile to fengjande slagord på framsida: "Bladet for deg som tar jakt på alvor!" og "VI tester DER ANDRE tror!". I dette siste slagordet ville eg nok ha nytta store og små bokstavar heilt motsett, men det er greitt. I artikkelen om albinodyr har dei berre greidd å finne tre ulike dyr å illustrere teksten med: ei albinoelgku som liknar på Eyvind Hellstrøm, ein albinomink og eit tredje, ukjent albinoeksemplar som berre er karakterisert som "albino dyr" i biletteksten. Eg skulle gjerne sett fleire. Ein albinojerv eller ei albinokråke, til dømes. "Husk at isbjørn ikke er albino," står det i teksten. Å ja! Tusen takk for opplysninga. Setninga

Hvis det ved ren tilfeldighet var noen av grevlingene som kom til Trøndelag som var bærer av genene for albinisme så vil det når bestanden har sitt opphav i noen få dyr bli slik at denne egenskapen opptrer hyppigere enn ellers.

er eit døme på skrivekunst som ved rein tilfeldigheit eller ikkje i jakt- og villmarksblad hyppig opptrer, og som er ein eigenskap som gjer lesinga av nemnde blad noko meir tungvint enn hva ein elles kunne
ønskt seg, og gjerne der ein kunne ha fått fram same bodskap på langt enklare vis. Så det er ikkje berre i offentleg sektor ein slit med å få bukt med kansellistilen.

Agnes Ravatn, Folkelesnad.
Kapittel 10: Når villdyret sovnar. Friluftsblad

No comments: